Varg Veum. Gunnar Staalesen. I dette avsnittet var det eigentleg meininga eg skulle skrive litt om den gongen eg akkurat hadde starta på ungdomsskulen og var skikkeleg oppslukt i den første boka med bergensmannen Varg. Men eg har aldri lese verken første, andre eller… ja, du ser poenget.
Difor kan eg skrive eit forsøk på ei nøytral filmmelding, litt har eg då høyrt folk sei sidan premieren. Utan at snakket har prega inntrykket mitt av filmen i så måte. Det meste eg har høyrt er synsing. Og meir synsing skal det bli her sidan eg sjølv har sett filmen.
Varg Veum blir innblanda i saka om ei forsvunne jente. Han rotar seg etter kvart inn i meir.
Eg tykkjer at Varg Veum — Bitre blomster har mange gode ting for seg, men at det aldri blir den heilt store opplevinga. Dialogen er godt skrive, mindre godt framført. Lydkvaliteten var heller dårleg, var med på å grumse til den litt stakkato dialogen.
Handlinga startar med ein ting og glir etter kvart over i noko anna, som om starten blir gløymt, men samlar seg igjen mot slutten. Positivt i at det heile tida skjer noko nytt, og at me, som Varg Veum, er med på å finne ut av ting litt etter litt. Utover i andre halvdel blir etterforskinga dramatisk og spennande, men eit litt rotete regiarbeid gjer at det aldri når toppen.
Alle dei små halvhjerta gjennomføringane, den utydelege snakkinga, eit rotete og ofte uskarpt bilde, ein Varg Veum som aldri kjem fram som personen han er. Handlingane hans er på plass, men etablerar han aldri som regelbrytar i personlegdom. Alt dette gjer at eg sit igjen med inntrykk av å ha sett krim på tv.