Vegas - Filmdagbok

Vegas 2009

Vegas er noko så friskt som ein ungdomsfilm sett til Bergen, og ikkje Oslo. Det er eit stort pluss. Det finst altfor mange filmar som er sett til Oslo, og sjølv om fleire av dei er gode, så er det fint med forandring.

Dette handlar i all hovudsak om tre ungdommar som ikkje har det så greitt. Dei hamnar i lag på ein barneheim der dei ventar på fosterfamilie. Med andre ord er det litt alvor inne i bilde.

Men Vegas, ein film der tittelen er sånn passe bak mål, er kul på grunn av andre ting. Ein av dei er Helge Jordal, som etter ein lengre pause har gjort eit comeback i denne filmen. Om han har andre filmar i vente har eg ingen peiling på. Eg var i grunn ikkje klar over at det var ti år sidan sist han var med i ein film. Eg har aldri følgd så godt med på norsk film. Men her er altså Helge Jordal, og han gjer ein framifrå prestasjon i ein lite krevjande rolle. Skryt til Helge Jordal.

Så kva med dei andre tinga som gjer Vegas kul. Jo, det er ein ungdomsfilm som unngår å bli tåpeleg, trass i nokon klisjear her og der. No vil vel enkelte kalle dei for tåpelege, men i mine auga skal det gå eit stykke før det ikkje er snakk om sjarm. Vegas har sjarm, og han har humor. Ungdommen finn på sprø ting, og eg blir gledeleg overraska over kor godt filmen bygg opp om enkelte scener, før han slår meg i magen med ei vanvittig vending.

Folk som har sett han vil kanskje nikke når eg nemner fotograferinga på danskebåten, eller fødselsdagen i fosterfamilien til Marianne.

Sjølv om Vegas har sine flotte sider, står han seg ikkje spesielt ut når det kjem til handlinga. Filmen har lite å sei, og der han prøver å vere alvorleg, blir han framleis litt for idyllisk. Han tar for lett på andre sider av saka som burde ha blitt problematisert. Dette trekk filmen ned. Betre blir han ikkje.