Vengeance! - Filmdagbok

Vengeance! 1970

Gangsterfilmen Bao chou handlar om ein mann som skal hemne drapet på broren sin. Kona til broren er ei attraktiv dame, og mektige menn såg seg villige til å drepe han for å få ho.

Og då dukkar Kuan Hsiao Lou (David Chiang) opp. Han oppsøker relevante personar, avdekkar motivet, og arbeider seg systematisk mot hovudpersonen bak drapet.

Bao chou, eller Vengeance!, er ein Shaw Brothers Studio-produksjon som spela ei sentral rolle for dei vidare filmane til selskapet og for kampsportfilmen som sjanger. Filmen var ein av dei første der handlinga gjekk for seg på 1900-talet, og skal dermed ha vore med å bane vegen vidare for blant anna den type film som Bruce Lee blei kjent for.

Som kampsportfilm består Bao chou mest av knivslåsting og judo, og mindre av kung fu. Det er ein blodig sak, og dramatisk såleis. Men eg klarte ikkje å sette nok pris på historia til at eg lét meg engasjere. Dette er den største mangelen til filmen, for både slåsting og ein kunstnarisk tone er med på å heve sjølve produksjonen til eit meir enn akseptabelt nivå.

Forventningane mine låg nærare opp til dette som ein kung fu-film. Mitt mangelfulle forarbeid kan dermed ha spelt inn. Men hadde filmen vore skikkeleg god, så ville eg uansett latt meg overraske positivt, og eg konkluderer dermed med at dette ikkje når heilt opp.