Som stor fan av serien Veronica Mars kom nyheita om filmen til stor glede for meg. Allereie i frå starten av pengeinnsamlinga på Kickstarter var det klart at det kom til å bli ein film til slutt.
Månadane etter innsamlinga og fram til lanseringa har resultert i rundt 80 nyheitsbrev frå Rob Thomas via Kickstarter, og det var ei glede å slutte å få kvar einaste vesle oppdatering, ettersom eg aldri meldte meg av nyheitsbrevet.
Veronica Mars gjekk mellom 2004–2007. Serien følgde ei jente på high school som etterforska drapet på si beste venninne på fritida. Handlinga var lagt til ein dyster, men solrik småby på vestkysten av USA, med korrupsjon, løyndommar, filmstjerner og ungdom. Serien var springbrettet til Kristen Bell til ei passe vellykka filmkarriere. Han varte i tre gode sesongar før han blei lagt ned.
Filmen Veronica Mars går føre seg ni år etter handlinga i serien. Frøken Mars er ferdig utdanna advokat, og held til i New York. Ho blir dratt tilbake til eit enda dystrare Neptune når ekskjærasten Logan (Jason Dohring) blir skulda for drap og ringer ho for hjelp.
Etter å ha sett filmen klarar eg ikkje heilt å riste av meg kjensla av å ha sett ein lang tv-episode. Og eg har andre forventingar og krav til ein film. Mordmysteriet står godt nok på eigne bein, verken veldig god eller dårleg. Det er som seg hør og bør mange nikk til serien. Nostalgien og mimringa var det eg håpa mest på. Det kan enten vere minnet mitt eller rett og slett altfor lenge sidan eg har sett serien, men dette er ikkje så friskt som før. Det er ikkje så mykje som står på spel for karakteren Veronica Mars i filmen, verken knytt til etterforskinga eller romantikken.
Som serie som har blitt film, og fungerer både som fortsetting og står på eigne bein, så er dette ein godkjent middelveg. Sjølv om eg ikkje blei frå meg av begeistring så var det ei god oppleving. Fans kan trygt sjå filmen, andre nysgjerrige bør sjå serien Veronica Mars om dei har tid.