
Vertical Limit
Vertical Limit er ein film som held seg godt, samtidig som han tydeleg er eit produkt av si tid. Spesialeffektane ser smekre ut. Sjølv om ikkje alle går umerka forbi, så er det lite som er opplagt dataskapt og prega av nivået rundt år 2000.
Etter mange år med fotorealistiske effektar som det ofte går inflasjon i, i storfilmar, så er det noko fint med å gå litt tilbake i tid å oppleve ein film som også har profesjonelt bygde sett.
Elles er oppbygginga av historia, humoren og karakterane veldig i si tid. Karakterane har alle sine særpreg og er lett å bli kjent med, og det er nødvendig for at dette skal bli spennande. For Vertical Limit er ein vellukka spenningsfilm der dei møter eit farleg fjellandskap og kjempar mot tida som er i ferd med å renne ut.
Formelen er velkjend, meiner Roger Ebert på RogerEbert.com (rogerebert.com), men han rosar både skodespelet og gjennomføringa. Særleg samspelet mellom stunt og effektar skaper ekte spenning for han. Eg kjenner att denne kombinasjonen. Filmen treng ikkje å vere original eller heilt truverdig når fjellet, tidspresset og menneska likevel får meg til å leve meg inn i faren.
