Hopp til hovedinnhold
Plakat for Vi är bäst! (2013)

Vi är bäst!

Film
3

Den svenske regissøren Lukas Moodysson står bak periodefilmen Vi är bäst!, om ei gruppe unge jenter i 1982 som startar punkband. Musikken, hårsveisen og gutar er det viktigaste, og foreldre er plagsamt på fleire måtar.

Filmen er et godt ungdomsdrama, seriøst og tar opp problema til jentene på ein måte som får dei til å verke viktige. Ikkje berre for dei, men også for meg som ser filmen. Etter berre å ha sett Fucking Åmål av Lukas Moodysson før, var Vi är bäst! så god som forventa på å gjere alvor og litt komedie ut av livet til ungdommar. Samtidig som filmen har ein kjerne i eit altoppslukande tema for ungdommen, punken.

Filmen har humoren på plass. Han kjem stort sett frå daglegdagse og artige ting karakterane finn på. Det er mindre av oppbygging til setningsvitsar og liknande. Dette er eit nødvendig friskt pust i ein film som visuelt er mørkare og dystrare.

Vi är bäst! vann meg nok ikkje over, til det er han for tematisk og karaktermessig uinteressant. Men han skil seg likevel ut i mengda, godt mogleg som ein av dei få svenske filmane eg har sett på ei stund, men sannsynlegvis også litt fordi tidsperiode og musikkbidraget set sitt preg.

Greg Klymkiw på The Film Corner (klymkiwfilmcorner.blogspot.com) blir langt meir gripen av jentene og bandet deira. Han meiner filmen finn ei allmenn glede i det å stå utanfor og hevde at me har noko eige å komme med. Det er eit fint perspektiv på punken i historia. Eg opplever også at problema deira blir tekne på alvor, men får ikkje same sterke forholdet til personane eller det dei samlar seg om.