Den svenske regissøren Lukas Moodysson står bak periodefilmen Vi är bäst!, om ei gruppe unge jenter i 1982 som startar punkband. Musikken, hårsveisen og gutar er det viktigaste, og foreldre er plagsamt på fleire måtar.
Filmen er et godt ungdomsdrama, seriøst og tar opp problema til jentene på ein måte som får dei til å verke viktige. Ikkje berre for dei, men også for meg som ser filmen. Etter berre å ha sett Fucking Åmål av Lukas Moodysson før, var Vi är bäst! så god som forventa på å gjere alvor og litt komedie ut av livet til ungdommar. Samtidig som filmen har ein kjerne i eit altoppslukande tema for ungdommen, punken.
Det at filmen har humor på sin plass, stort sett i form av daglegdagse og artige saker som karakterane finn på, og mindre i form av at filmen skulle ha bygd opp til setningsvitsar og liknande, er eit nødvendig frisk pust i ein visuelt sett mørkare og dystrare film.
Vi är bäst! vann meg nok ikkje over, til det er han for tematisk og karaktermessig uinteressant. Men han skil seg likevel ut i mengda, godt mogleg som ein av dei få svenske filmane eg har sett på ei stund, men sannsynlegvis også litt fordi tidsperiode og musikkbidraget set sitt preg.