
Vi gifter oss
Vi gifter oss kom i 1951. I 1950-åra kom det mange norske komediar om ekteskap i kjøvatnet av denne suksessen. Han fungerer heilt greitt som underhaldning.
Henki Kolstad og Inger Marie Andersen spelar eit nygift par med små og store utfordringar. Dei har problem med å finne eigen bustad. Då dei skal bygge hus, manglar dei byggetillatelse. Handlinga held framdrifta gjennom heile filmen. Det skjer noko heile tida, og eg merka aldri at tempoet stoppa opp.
Den mest kjente songen frå filmen er Hva var vel livet uten deg. Han er òg viktig for handlinga. Eg hadde venta spent på nettopp denne songen, og må innrømme at han fungerer godt i samanhengen.
Dette er film som er laga for å vere hyggeleg og gjenkjenneleg, ikkje for å utfordre eller overraske. Han gir eit godt innblikk i tida etter krigen, men har lite å seie utover det.
Tidsbiletet får større verdi i omtalen til Fredrik Gunerius Fevang på The Fresh Films (thefreshfilms.com). Han ser filmen som eit godt dokument av framveksten av eit moderne byliv, og meiner at diskusjonane om samlivet framleis er relevante. Eg oppdagar ikkje like mykje å ta med meg vidare. Men bustadjakta gir den lette komedien eit konkret feste i kvardagen til dei som såg han i 1951.
Eg sit ikkje igjen med nokon sterke inntrykk. Vi gifter oss er ein grei norsk film frå 1950-talet. Det held. Kanskje har er litt anonym. Det er ingenting som irriterer meg.
