1988 var året for kroppsbytefilmar. Vice Versa fekk selskap av både Big og 18 Again! dette året, alle tre er filmar som handlar om opplevingar der enten to personar byter kropp, eller kroppen endrar seg.
Vice Versa handlar om ein far og ein son som byter kropp. Dei er begge uvitande om kor vanskeleg det er å vere den andre, men klar over kor vanskeleg det er å vere seg sjølv. Ein tibetansk artefakt oppfyller ønska til begge om å ikkje vere seg sjølv, og plassere dei i kroppen til kvarandre. Under eit år etter at Like Father Like Son gjorde det same.
Denne sjangeren er ikkje spesielt komplisert å forstå poenget til. Stort sett handlar det om å få perspektiv. Om bokstaveleg talt å plassere seg i skoen til ein annan person. 18 Again! var eit frisk pust med eit litt anna formål, mens Vice Versa stort sett er typisk innanfor sjangeren.
Vice Versa er ikkje den store filmatiske opplevinga, men har solide humoristiske innslag i form av rolletolkinga til Judge Reinhold av eit barn i kroppen. Dette kombinert med dei forventa og fungerande komiske forviklingane som følge av at verken far eller son veit kva dei driv med som den andre, er nok til at Vice Versa ror seg i land som ein underhaldande komedie.
Resten av filmen er enten for tåpeleg eller uoriginalt og uinteressant. Skurkane er eit av mange meiningslause innslag i ein film som kunne ha blitt betre om dei var bytt ut med meir komedie, spesielt om sonen i kroppen til faren.