Mitt første fysiske møte med regissøren David Cronenberg. Videodrome er eit konsept som vil revolusjonere tv-verda. Der vanleg tv berre kan forandre deg psykisk, vil Videodrome kunne forandre deg fysisk.
For fysisk forandring er tingen med David Cronenberg etter det eg har forstått, bortsett frå den siste filmen hans, A History of Violence, som skil seg litt ut. I Videodrome har me Max (James Woods), ein tv-produsent på jakt etter noko nytt og dristig som kan trekke sjåarar til Kanal 83. I dette sambandet kjem han over eit nytt program som trekk han inn ein spesiell situasjon som omfattar kroppsleg forandring og hallusinasjonar.
Videodrome er ein film utanom det vanlege, både på ein fascinerande og forstyrrande måte. Likevel om han nok var meir aktuell i diskusjonen omkring vald og sex i ungdommen til videokassetten, så held han framleis stand, og gir både visuell og intellektuell foring. Eg merker iallfall ei dragning mot meir fysiske forstyrringar og fleire filmar av David Cronenberg.