Hopp til hovedinnhold
Plakat for View from the Top (2003)

View from the Top

Film
2

Ei ung kvinne vil komme seg bort frå den vesle staden ho kjem frå. Ho vil bli noko. Ho set seg som mål etter kvart å bli flyvertinne. Det blir ho, og ho blir flink. Internasjonale flygingar med eit kjent flyselskap er det neste målet hennar.

Gwyneth Paltrow er den målretta kvinna i View from the Top. Ein tam film om så skal seiast. Poenget her på Filmdagbok er stort sett å oppsummere filmar på ein kort og grei måte, og så slenge på ein karakter. Til saman skal dette gi eit inntrykk av om filmen er verdt å sjå. Så då seier eg det slik.

Dette er føreseieleg på eit vis som trekk ned. Romantikken er dessutan uengasjerande. Her bidrar verken Gwyneth Paltrow eller Mark Ruffalo med særleg. Sistnemnde med minst, i den svakaste rolla eg har sett han i, sannsynlegvis.

Nick Rogers på Midwest Film Journal (midwestfilmjournal.com) meiner også den føreseielege romantikken held filmen nede. Han gir likevel Gwyneth Paltrow meir av æra og finn nokre gode latterutbrot hjå Mike Myers. Eg får mindre ut av dette. Det er fint med ein hovudperson som vil framover, men dei enkelte lyspunkta gjer ikkje reisa meir engasjerande når både romantikken og komedien er så tam.

Det einaste positive med filmen er stå på-viljen til karakteren til Gwyneth Paltrow. Ein søken etter lykke som ikkje lar seg stoppe ved nedturar eller motstand. Men når innpakninga er ein overflatisk, uengasjerande romantisk komedie, så strekk det ikkje til.