Hopp til hovedinnhold
Plakat for Virtuosity (1995)

Virtuosity

Film
2

Virtuosity hadde ikkje fått dei beste tilbakemeldingane. Men eg var nysgjerrig på filmen på bakgrunn av eit samandrag av handlinga, sjangeren og årstalet han kom ut i. Utan å ha høge forventningar.

Frå første minutt viste dette seg å vere ein tåpeleg gjennomført film. Det ligg ei kurant historie i botnen, men regissøren og eller produsentane har tatt mange dårlege val. Og manusskriptet burde ha fått ei overhaling.

Det er ein film som ikkje klarar å bestemme seg for kva han vil vere. Difor er han både klovnete, urealistisk, alvorleg og rett fram. Det er vanskeleg å sette fingeren på kva tone han går for, og resultatet er eit godt laga makkverk.

På mange måtar er dette eit godt eksempel på ein typisk film frå midten av 1990-talet som forsøker å vere ein kult, tøft og mainstream film med eit data- eller cyberrelatert scenario. Og som feilar i forsøket.

James Berardinelli kjem til mykje av same konklusjonen på ReelViews (reelviews.net). Han meiner historia blandar oppbrukte formlar med teknologisk prat som ikkje heng godt saman, sjølv om actionscenene ofte er godt utførte. Denzel Washington gir etter hans syn filmen nødvendig energi. Det passar med mitt inntrykk av noko som er brukbart produsert, men manglar ei klar retning.