Førebels siste film ut med Elvis Presley for min del for denne gang er den generelt godt likte og suksessrike Viva Las Vegas.
Det er ikkje utan grunn at Viva Las Vegas er godt likt. Filmen har ni songnummer, og alle er gode utan unntak. Dei er varierte, fengjande, og har gjerne godt koreograferte dansenummer til. Kjemien mellom Elvis Presley Presley og Ann-Margret er oppslukande. Energien Ann-Margret tilfører med både flotte dansenummer og god stemme er eit element andre Elvis Presley star vehicle movies kunne ha tent godt på.
Historia i Viva Las Vegas er i grunn ei enkel, men fin todeling. Lucky (Elvis Presley) og Rusty (Ann-Margret) og deira interesse for kvarandre på ei side, og forsøket til Lucky på å skaffe pengar for å kjøpe motor til racerbilen sin, og delta i Las Vegas Grand Prix. Det er sjølvsagt kjærleikshistoria som stikk av med førstepremien, på grunn av den omtala kjemien og aldri stilleståande handlinga.
Viva Las Vegas plasserer seg trygt på topplista i selskap med dei beste Elvis Presley-filmane, og er i så måte ei anbefaling om du skal sjå meir enn eit par–tre filmar med legenda.