Volcano - Filmdagbok

Volcano 1997

I katastrofefilmen Volcano blir byen Los Angeles ramma av ein aktiv vulkan. Tommy Lee Jones står klar til å redde byen.

Det er fleire grunnar til at dette er ein god film. Det er nokon grunnar til at det er ein dårleg film. Det er overvekt av det førstnemnte.

For det første er dette ein konsentrert film med eit tydeleg tema. Ein vulkan truar ein storby. Menneske må gjere alt dei kan for å redde liv og avgrense skadeomfanget.

Lavaen som flyt er ein ubehageleg trussel. Sjølv om filmen i utgangspunktet drar det heile ganske langt, er lavaen i seg sjølv ei nesten ustoppeleg utfordring.

Minusa med filmen er idiotisk oppførsel. Det er også formidlinga av destruktive verdiar. Det er vanleg i mange storfilmar og katastrofefilmar, men fullstendig unødvendig. Her er det nok av idiotar som bokstaveleg talt må leike med elden, heller enn redde sine eigne liv.

Volcano er kva han er. Han er underhaldande og noko irriterande. Han er verdt å sjå viss du likar katastrofefilmar.