Hopp til hovedinnhold
Plakat for Walk Hard: The Dewey Cox Story (2007)

Walk Hard: The Dewey Cox Story

Film
2

Det er ein morosam idé å gjere narr av dei mange og like musikalske biografiane frå seinare år, men det burde ha blitt gjort på ein meir sofistikert måte enn som så.

Walk Hard: The Dewey Cox Story er ofte lik Scary Movie-filmane og liknande med billege poeng. Eg hadde forventa meir av Jake Kasdan og Judd Apatow. Samtidig reddar kjente ansikt som John C. Reilly i ein god jobb i hovudrolla, og morosame musikknummer filmen.

Den utvida versjonen er i lengste laget, men utviklinga i karrieren til Cox og variasjonen av filminspirasjon driv det greitt nok framover. Eg skulle likevel ønske at eg såg kinoversjonen.

Daniel Hirshleifer på DVD Talk (dvdtalk.com) kjem til motsett konklusjon om den utvida versjonen. Etter å ha sett begge meiner han at dei ekstra scenene gir betre rytme og ein meir tilfredsstillande film. Musikken og John C. Reilly får også mykje ros. Der møtest me, men eg blir ikkje like godt underhalden av alt som ligg mellom høgdepunkta. Fleire innslag er ikkje nødvendigvis det denne parodien treng for meg.