Det er ein morosam idé å gjere narr av dei mange og like musikalske biografiane frå seinare år, men det burde ha blitt gjort på ein meir sofistikert måte enn som så.
Walk Hard: The Dewey Cox Story er ofte lik Scary Movie-filmane og liknande med billege poeng. Eg hadde forventa meir av Jake Kasdan og Judd Apatow. Samtidig reddar kjente ansikt som John C. Reilly i ein god jobb i hovudrolla, og morosame musikknummer filmen.
Den utvida versjonen er i lengste laget, men utviklinga i karrieren til Cox og variasjonen av filminspirasjon driv det greitt nok framover. Eg skulle likevel ønske at eg såg kinoversjonen.