
Walkabout
Nicolas Roeg sin film fra 1971 handlar om ein geolog som dreg på piknik med ton ungar, og skal forsøke å skyte dei. Så han skyt seg sjølv. Dette skjer i den australske outbacken.
Barna blir overlatne til seg sjølv. Dei møter ein aboriginsk ungdom som er på ein walkabout, eit overgongsritual for å innvie ungdommar til vaksne.
Nicolas Roeg vekslar mellom å vise outbacken og glimt frå bylivet barna har forlatt. Bilder som assosiserer det ville med det urbane. Det kan verke som ei litt surrealistisk blanding. Det tek litt tid å venne seg til rytmen.
Denne blandinga av natur og byliv er heller ikkje utan problem for Alistair Nunn på Movie Musings (moviemusings.uk). Han rosar bileta frå outbacken, men meiner fleire av samanlikningane med det moderne samfunnet blir overtydelege, og at nokre klippegrep verkar daterte. Det gir eit anna perspektiv på den litt surrealistiske kjensla eg sat med. Filmen kan vere vakker å sjå på samstundes som måten han set bileta opp mot kvarandre på, krev litt av meg.
Det er lite dialog og mykje observasjon av handling og natur. Det gjer Walkabout spesiell.
Filmen tek seg tid, kanskje for mykje tid i periodar. Eg kjente fleire gonger på at det gjekk trått, at scener er dryge. Men eg var på eit vis med heile vegen.
Det er ein film som er fin å sjå på. Han prøver noko annleis, men det krev òg tolmod. Ein solid, litt merkeleg film som gjorde inntrykk utan å begeistre.
