Hopp til hovedinnhold
Plakat for Wallace & Gromit: Vengeance Most Fowl (2024)

Wallace & Gromit: Vengeance Most Fowl

Film
3

Det er noko med det å miste gnisten for noko me har likt så lenge, og med Wallace & Gromit: Vengeance Most Fowl kjennest det som Aardman har mista litt av sin eigen magi. Der dei tidlegare filmane var fulle av kreativitet, sjarme og kløktig humor, blir dette meir som ein bleik kopi, ein film som eksisterer meir fordi han kan, enn fordi han måtte.

Det er vanskeleg å peike nøyaktig på kva som manglar, men vitsane fell flatt, historia kjennest uinspirert, og det er lite av den varme og oppfinnsame tonen som har gjort Aardman sine filmar så elskverdige. Kjensla av at dette er ein oppfølgar for å halde maskina i gang, heller enn eit prosjekt med ekte forteljarglede, legg seg over heile opplevinga.

Eg prøvde i ettertid å sjå Chicken Run: Dawn of the Nugget, som også har dette preget, så det er lett å lure på om det er smaken min som har endra seg, eller om det verkeleg er noko som manglar i filmane sjølve.

Brian Tallerico på RogerEbert.com (rogerebert.com) var òg skuffa over Chicken Run-oppfølgaren, men finn igjen Aardman-gleda her. Han rosar rytmen i humoren og kor mykje dei stumme figurane formidlar. Det er interessant at me kjem frå ei liknande skuffing og likevel reagerer så ulikt. For han gir det velkjende tryggleik. For meg kjennest det denne gongen som gjentaking.

Uansett sit eg att med det å vere skuffa. Ikkje berre over ein film som ikkje leverer, men over at noko eg pleidde å glede meg til no kjennest tomt.