
Wallace & Gromit's Cracking Contraptions
Denne perla av ein kort tv-serie på berre to episodar med Wallace & Gromit består av mange små segment. Felles for dei er som tittelen hintar til, at dei er blant dei uføreseielege maskinene til Wallace.
Totalt ti små segment tar for seg maskiner som enten feilar eller er fullstendig tullete. Det er ein fryd å sjå, slik som det å sjå Wallace & Gromit gjerne er. Med mange lure detaljar og også små referansar til andre Aardman Animations-produksjonar.
Gleda over desse små påfunna deler eg med Caro Ness på Eye for Film (eyeforfilm.co.uk). I DVD-omtalen av Wallace & Gromit: The Curse of the Were-Rabbit meiner ho Wallace & Gromit's Cracking Contraptions åleine er verdt mykje av pakken, og trekker særleg fram maskina som lar Wallace telje sauer med hjelp frå Gromit. Det er nettopp denne blandinga av absurde løysingar og små, presise vitsar som gjer at den korte speletida kjennest så innhaldsrik.
Den totale lengda til Wallace & Gromit's Cracking Contraptions er knappe 20 minuttar, og dei er vel verdt det.
