Denne perla av ein kort tv-serie på berre to episodar med Wallace & Gromit består av mange små segment. Felles for dei er som tittelen hintar til, at dei er blant dei uføreseielege maskinene til Wallace.
Totalt ti små segment tar for seg maskiner som enten feilar eller er fullstendig tullete. Det er ein fryd å sjå, slik som det å sjå Wallace & Gromit gjerne er. Med mange lure detaljar og også små referansar til andre Aardman Animations-produksjonar.
Den totale lengda til Wallace & Gromit's Cracking Contraptions er knappe 20 minuttar, og dei er vel verdt det.