Ein gjeng med kriminelle herjar i byen Warlock som dei besøker stadig. Herjingane består av øydeleggingar og eit og anna drap. Innbyggjarane er redde og torer ikkje å stå i mot dei kriminelle. Den siste sheriffen i byen blei drept på lik linje med dei fire førre.
Etter å ha diskutert saken i ein komité beståande av sentrale personar i byen, avgjer dei å leige inn ein marshall. Rolla hans blir å halde lov og orden i byen, i fråværet av ein sheriff. Men så er det sånn at myndigheita dei gir han, heller ikkje er av lovleg art.
Etter kvart stikk det seg fram ein ny avløysar for sheriffen. Han deler synet til marshall-en om å bli kvitt dei lovlause, men på lovleg vis. Han hamnar på lova si side i det som blir ein kamp både mot dei lovlause og marshall-en.
Dette oppsummerer Warlock i grove trekk. Det er elegant utført og porsjonert over to timar, og ikkje så direkte og fort fram som eg har skrive det. Men filmen er god på å trekke fram poeng om rettferd og lover. Her er ikkje filmen utydeleg på nokon måte. Og det er nettopp på grunn av posisjonen regissøren Edward Dmytryk tar med filmen som får meg til å like Warlock så godt. Eg blir oppslukt, og tykkjer at to timar går fort unna.
På ulike stader i filmen er det ulike karakterar som viser både positive og negativer sider. Med unntak av avløysaren til sheriffen som er ein rettskaffen mann. Filmen tar seg tid til å utforske mentaliteten til folk med ulike synspunkt. Ikkje berre til dei mest sentrale, men og til enkeltpersonar og grupperingar rundt dei. Blant anna har byen ein dommar som er utpeikt på same måte som marshall-en blir. Dommaren meiner at han sjølv kan ha si rolle, men at marshall-en ikkje kan ha si. Slik set filmen eit nærare blikk på handlingar etter kjensler på agendaen.
Dette og mykje anna er det som gir Warlock eit djupn i tillegg til å ha nok av action og fint drama. Filmen er ein western eg kan anbefale.