
Warm Bodies
Warm Bodies er ingen ekte zombiefilm, og dette er årsakene:
Det er ingen kur bortsett frå ei kule i hjerne, bortsett frå i Warm Bodies.
Zombiar kan ikkje snakke, tenke eller elske, bortsett frå i Warm Bodies.
Korleis i helvete kan ein zombie vere forteljarstemma, bortsett frå i Warm Bodies?
Warm Bodies er eigentleg ikkje ein zombiefilm, berre ein film med sjenerte utstøytte med dårleg smike som latar som.
Eg kan leve utan blod og nakenheit, men zombiar kan ikkje bli levande.
Ver kreativ, gjer noko nytt med formatet, bortsett frå det dei gjorde med Warm Bodies.
John Malkovich brukte å vere god i mange filmar, men no har han vore i Warm Bodies.
Er protagonisten, liksomzombien, ein dataanimert skapning frå 1990-talet?
Men eg må seie, filmen hadde ei form for handling med utvikling. Og han hadde mykje av det tekniske på plass. Sjølv om filmen ikkje var god, så var mange filmatiske ting på plass.
Isaac Handelman på Isaac’s Film Reviews (isaacsfilmreviews.blogspot.com) reagerer også på at filmen bryt med mykje av det me kjenner som zombiar. Han blir likevel så sjarmert av hovudpersonen og den gradvise forandringa hans at han tilgir det meste. Der skil me lag. Eg kan sjå at filmen har utvikling og er godt sett saman på fleire område, men kjem aldri forbi sjølve grunnideen. Kjærleikshistoria gir meg ikkje noko ønske om å godta desse reglane.
Dersom eg først skal slakte ein film fullstendig, så må det meste mangle. Å slakte ein film er ut frå hat. Og eg hatar ikkje Warm Bodies, eg vil berre aldri ha meir med filmen igjen å gjere.
Så han er ikkje anbefalt, sånn forresten.
