
Wayne's World
Wayne’s World er ein film med energi. Filmen er ikkje ute etter å vere smart eller stilfull, men klarar likevel å sjarmere. Wayne og Garth er to karakterar som berre er seg sjølve. Det er kanskje difor dei fungerer så godt. Dei bryt den fjerde veggen mot oss som sjåar. Dei køyrer på med dumme vitsar og rare innfall. Og alt blir gjort med ei glede.
Handlinga er tynn og eigentleg ikkje så viktig. Atmosfæren er viktig og fungerer. Med god musikk og at han fangar samtida godt.
Det tilsynelatande enkle uttrykket får meir ære hjå Matthew Deapo på Kinetoscope Film Journal (kinetoscope.org). Han meiner klippinga og den direkte kontakten med publikum bygger ei eiga verd rundt Wayne og Garth, sjølv om romantikken er svakare skriven. Det gir ei god forklaring på kvifor atmosfæren betyr meir enn handlinga for meg. Me blir inviterte inn i måten dei ser og kommenterer verda på, og då blir dei små avstikkarane ein stor del av gleda.
Wayne’s World er kanskje ikkje den mest polerte komedien, men han har ein kombinasjon av tull og varme som gjer han lett å like, sjølv tretti år seinare.
