We Are Marshall - Filmdagbok

We Are Marshall 2006

We Are Marshall er basert på ei sann historie. Denne historia veit eg strengt tatt ikkje meir om enn det som måtte ha blitt brukt i filmen. For alt eg veit kan mykje av det eg trur var sant vere fiksjon. Men det er då likevel ei greie med at dette er basert på ei sann historie.

Historia som blir fortalt er om det amerikanske fotballaget til Marshall University. Året er 1970 og på veg heim frå ein bortekamp styrtar flyet med både spelarar, trenarar, funksjonerer og så mange fleire. Måten dette krasjet blir skildra på ved å ikkje vise noko eksplisitt når det skjer, ved å spele på eit stille kaos og reaksjonane til folk rundt om i Marshall, er både vakker og svært trist og sette meg i ei god stemning, trass i tragedien. Det heldt meg fast filmen ut.

Å danne eit nytt lag frå botn av er ei stor utfordring. Motgang gjer seg ofte bra på sportsfilm, så lenge det ikkje er gitt frå første minutt at det ventar ein gullmedalje eller meisterskaptittel i andre enden. Det kan øydelegge. I We Are Marshall ligg det i korta at tittelen ikkje er oppnåeleg, det gir ei større opning for korleis punktumet vil bli sett. Akkurat som i Rudy der du skjønnar at den vesle spelaren aldri har det som skal til for å bli den beste av dei profesjonelle.

Bak roret står McG. Han er produsent på mange saker eg ikkje nødvendigvis hoppar i taket over. Dei har det likevel med å vere passe gjennomført. Her er han altså regissør. Framfor kamera har me Matthew McConaughey og Matthew Fox. Førstnemnte er ein fyr eg aldri har tålt trynet på, det vil sei fram til eg så We Are Marshall. Her er han om ikkje heilt fri for sitt sleske seg så iallfall mogleg å takle. Matthew Fox sin rolle kjennest veldig trygg, ingenting å trekke opp eller ned på der.

Heilskapen er god. Det er litt rust i enkelte kantar og ting som kunne ha vore løyst på ein betre måte. Nokon scener som ikkje har større meining i lengda finst, men det er ein film der eg blir interessert i å følge med på kva som vil skje vidare. Det er ein litt trist tone over det heile og samtidig ein varme.