We Need to Talk About Kevin - Filmdagbok

We Need to Talk About Kevin 2011

We Need to Talk About Kevin er ein godt utført film. Både teknisk og med tanke på forteljinga. Men stemma til filmen er nesten like sinnsforvirra som personen historia dreier seg om.

Ein ung gut veks opp og blir eit monster. Eit skjult monster, som berre mora ser. Men ho er eit svakt menneske som ikkje har sunne verdiar å forankre livssynet sitt til. Dermed lar ho guten vekse opp til å bli ein ungdom som utfører eit massedrap.

På slutten av filmen er ho tilbake til start. Det er ingen poeng å ikkje avsløre handling. Eg gjekk til filmen utan meir enn engstelege aningar. Det gjorde kanskje sitt i at eg hadde tolmod til å sjå dette. Men det bidrog ikkje til noko positivt utover det.

Det er altså det underliggande menneskesynet som forsøplar dette. For meg framstår We Need to Talk About Kevin som ei unnskyldning og fornekting av ansvar. Dei meiner at menneske blir styrt av tilfeldigheiter og bør tilgi vondskap.

Men sett vekk frå dette byr også filmen på gode ting. Som eg opna med så er han godt utført, reint teknisk. Han har dei rette skodespelarane. Blant anna den unge Kevin på mellom fem til ti år er ein skummel dritsekk. Det er også ein film som prøver å fortelja det meste ved å hinte, ikkje vise, og det har eg sansen for.