Hopp til hovedinnhold
Plakat for Wedding Daze (2006)

Wedding Daze

Film
3

Det er fleire år sidan Jason Biggs var Jim i American Pie, og han har halde seg til liknande roller sidan. Denne filmen er nesten så enkel som du kan få det utan å bli direkte dårleg.

Utgangspunktet er tragikomisk, men kunne gjerne blitt gjort meir tragisk. Det går igjen i filmen- Ting kunne blitt gjort meir alvorleg. Her blir det prøvd for hardt heile vegen å vere morosam, men det blir berre teit. Filmen hadde vunne på å vere trist i blant, for sånn elles så likar eg det eg ser.

Dette er midt på treet.

Det påtvinga jaget etter latter slår endå dårlegare ut på Man of Yesterday (manofyesterday.wordpress.com). Omtalen finn nokre få morosame innslag, men saknar truverdige kjensler og motiv, og meiner situasjonane blir stabla opp utan samanheng. Eg er ikkje like avvisande, men kjenner att problemet. Den tragikomiske starten kunne ha gitt rom for ein film der alvoret hjelpte humoren, i staden for at alt heile tida må bli ein ny spøk.