
Weird: The Al Yankovic Story
Weird: The Al Yankovic Story er ein Funny or Die-produksjon som gir seg ut for å vere ein filmtrailer til ein biografisk film om musikaren Al Yankovic (Aaron Paul).
I tråd med meir seriøse biografiske filmar om artistar, som gjerne har hatt mørke periodar i livet sitt med narkotika, dårlege forhold og slikt, blir livet til Al Yankovic skildra på liknande måte. Det morosame med dette er at dette berre er oppspinn, at karrieren hans er basert på morosam musikk, og at han ikkje har vore borti noko av det negative som denne kortfilmen fortel om.
Sean L. McCarthy på The Comic’s Comic (thecomicscomic.com) omtalar traileren som morosam og verd å sjå. Han skildrar han som ei alternativ utgåve av historia om Al Yankovic. Det er nettopp det som fungerer for meg. Forma er lett å kjenne att, men det velkjende alvoret blir brukt på ei historie som er oppdikta for å vere absurd.
