Hopp til hovedinnhold
Plakat for Welcome to the Rileys (2010)

Welcome to the Rileys

Film
4

James Gandolfini spelar ein gift mann som under ei jobbreise til New Orleans bestemmer seg for å bli verande i byen.

Welcome to the Rileys handlar om korleis ekteparet Riley taklar ei personleg krise. Ei krise som gradvis har fått feste over fleire år. Filmen handlar også om korleis sorg kan manifestere seg år etter ei handling.

Det eg likte med Welcome to the Rileys er at filmen har ei humoristisk vinkling på den seriøse historia. I lag får me både ei framstilling av sorg og komedie, utan at komedien tar overhand.

Men det er det spesielle vennskapen som oppstår mellom James Gandolfini og Kristen Stewart som spelar mest inn i å gjere filmen sjåverdig. Eller helst korleis karakteren til James Gandolfini oppfører seg.

Welcome to the Rileys startar tregt, men bygger seg opp over tid og leverer varene både tidsnok og fram til slutten. Både klisjeane og presset i emosjonelle scener fungerer.

Andrew Schenker er langt mindre overtydd på Slant Magazine (slantmagazine.com). Han meiner vennskapen først og fremst blir eit velkjent grep for å gi den sørgande mannen ei ny meining med livet, og at filmen forklarer poenga for tydeleg. Eg ser klisjeane, men synest likevel møtet mellom personane fungerer. For meg blir kjenslene sterke nok til at den velkjende forma ikkje øydelegg opplevinga.