Hopp til hovedinnhold
Plakat for Western Union (1941)

Western Union

Film
3

Western Union er ein westernfilm med Robert Young og Randolph Scott i dei to mest sentrale rollane.

Robert Young spelar ein mann som står for utbygginga av telegraflinja til Western Union. Randolph Scott spelar ein mann med kriminell bakgrunn som får jobb i selskapet som står for utbygginga.

Filmen handlar i stor grad om farane ved utbygginga, i form av indianarar og kriminelle gjengar. Karakteren til Randolph Scott står midt oppi mange av dei vanskelege hendingane som skjer.

Som westernfilm er Western Union litt uskyldig. Med det meinar eg at han er smått tam, mest på grunn av valet han har gjort i å skulle vere ein hovudstraumsfilm, og måten dette blir handtert på.

Hannu Salmi på Hannu Salmi: blogi (hannusalmi.blogspot.com) finn ein mørkare film enn inntrykket mitt av noko smått tamt. Han trekker fram den tragiske historia og meiner humoren kjem mindre heldig ut. Det er interessant i ein film der den kriminelle fortida ligg under mykje av handlinga. Kanskje er det nettopp den lettare forma som gjer at eg ikkje heilt kjenner tyngda han finn i karakteren til Randolph Scott.

Utover det så har eg veldig få innvendingar mot denne filmen. Han har ei god historie, gode skodespelarar, og held eit godt nivå. Det er berre det vesle ekstra som manglar for at han skal skilje seg ut i mengda.