Hopp til hovedinnhold
Plakat for WHAT DID JACK DO? (2017)

WHAT DID JACK DO?

Film
3

What Did Jack Do? er ein David Lynch-film som er laga til, eller kjøpt opp av Netflix. Eg har ikkje sett meg så grundig inn i dette, då eg tenkte å ta filmen på ståande fot utan vidare bakgrunnskunnskap. Og heller ikkje etter å ha sett han blei eg spesielt interessert i å lære meir om han.

Dette er ein kortfilm på 17 minuttar. Det er ein samtale mellom ein karaktert spelt av David Lynch, og ein apekatt som snakkar. Her er munnen til David Lynch lagt over munnen til apekatten. Det er ein samtale der det meste blir sagt mellom linjene. Det og eit spesielt songnummer mot slutten er det som gjer denne saken til ein kuriositet. Utover det så får eg ikkje så mykje meir ut av dette. Det er stemning, det er ein kunstig samtale, og det er ein tilsynelatande lite kostbar produksjon.

For Brian MacNamara på TL;DR Movie Reviews and Analysis (tldrmoviereviews.com) ser dette som eit noir-avhøyr som blir drive langt inn i det absurde. Han meiner den korte lengda held det merkelege uttrykket i live, men at historia er den svakaste delen. Det treff inntrykket mitt av ein kuriositet. Samtalen og stemninga kan vere artige å oppleve, utan at eg får lyst til å leite etter så mykje meir bak dei.

Eg trur dette er mest for dei spesielt interesserte.