Hopp til hovedinnhold
Plakat for What Dreams May Come (1998)

What Dreams May Come

Film
3

What Dreams May Come er mest ein god film fordi han ser bra ut. Dette fordi handlinga til filmen går inn i ei måleriaktig verd.

Handlinga går ut på at Robin Williams døyr i ei bilulykke, og endar opp med å søke overalt etter kona si.

Parallelt følger me kona som er i sorg, og som så tar livet av seg. Det er dette som visstnok gjer det vanskeleg for Robin Williams å finne ho.

Eg har sansen for at dette både ser spesielt ut og er ein pågåande refleksjon på eit vis. Men det hindrar meg ikkje å synse at det også skjer lite interessant i handlinga og med karakterane, så eg endar opp med å kjede meg etter ei stund. Trass i at dette ser veldig bra ut.

Det visuelle er også den store styrken på The W Movie Blog (100wmovies.blogspot.com). Skribenten meiner dei fantasifulle miljøa veg opp for mykje sentimentalitet og svakt skodespel. Eg kjem ikkje heilt dit. Bileta gir filmen eit særpreg eg set pris på, men når interessa for personane og reisa deira minkar, blir det vanskeleg å halde oppe den same gleda berre ved å sjå.