What Dreams May Come - Filmdagbok

What Dreams May Come 1998

What Dreams May Come er mest ein god film fordi han ser bra ut. Dette fordi handlinga til filmen går inn i ei måleriaktig verd.

Handlinga går ut på at Robin Williams døyr i ei bilulykke, og endar opp med å søke overalt etter kona si.

Parallelt følger me kona som er i sorg, og som så tar livet av seg. Det er dette som visstnok gjer det vanskeleg for Robin Williams å finne ho.

Eg har sansen for at dette både ser spesielt ut og er ein pågåande refleksjon på eit vis. Men det hindrar meg ikkje å synse at det også skjer lite interessant i handlinga og med karakterane, så eg endar opp med å kjede meg etter ei stund. Trass i at dette ser veldig bra ut.