Ein liksomdokumentar om vampyrar i New Zealand høyrest sprekt ut, og er det. What We Do in the Shadows er omtrent akkurat så god som ein sånn film bør vere. Utan særleg sterk samanhengande historie, men likevel ei samanhengande oppleving.
Folka bak er også folka bak blant anna Flight of the Conchords og Eagle vs Shark. Og humoren er omtrent lik. Det vil sei ei form for humor som baserer seg på observasjonar av det opplagte og å lage humor av dette. Eksempelvis det komiske ved alt blodsølet som kan oppstå når ein vampyr uheldigvis treff hovudpulsåra.
Rollene er stort sett fylt av for meg ukjent folk frå New Zealand. Men i hovudrolla er den alltid artige Jemaine Clement, og regissør og skodespelar Taika Waititi. Så filmen oppfyller akkurat nok av nytt og fersk i lag med godt kjent. Sistnemnte er ein senkar av tersklar for min del.
What We Do in the Shadows er ei opplagt anbefaling og ein god start på filmåret 2016 for min del.