For fem år sidan, eller meir, var det første gangen eg høyrte om denne filmen. Ein kamerat skrytte over at Leonardo DiCaprio gjorde ei god rolle i filmen. Dette var før Catch Me If You Can, som eg tykkjer at er ein god film, så det var før eg hadde sett Leonardo DiCaprio i ein film som fall i smak.
Etter det har eg aldri fått tenkt over om eg skulle sjå filmen, for eg stempla han som ein Leonardo DiCaprio på ein negativ måte. Likevel om eg som sagt etterpå faktisk har sett gode filmar med han i. The Aviator er eit eksempel på ein Leonardo DiCaprio-film eg set pris på.
Men no er dette først og fremst ein film med Johnny Depp, og ein god film sånn sett. Han har ikkje ei dominerande historie som filmen baserer seg på, men heller rollefigurar. Gilbert Grape (Johnny Depp) og familien hans bur i ein mindre og stille by der ikkje stort skjer. Ein gong i året køyrer ein konvoi med bilar med campingvogner forbi. Det er ei hending Gilbert følger med den yngre, tilbakeståande broren sin, Arnie (Leonardo DiCaprio) for å sjå.
Dette året får den eine bilen motorstopp. Slik møter Gilbert ei som heiter Becky (Juliette Lewis). Dette er også det året Arnie fyller 18 år, likevel om doktoren aldri trudde han ville leve lengre enn til å bli 10 år gammal. I tillegg er mora til Gilbert overvektig, veldig overvektig.
Dette er berre få av tinga filmen handlar om. Han er med andre ord ganske samansett og gir eit godt heilskapsinntrykk. Det er dessutan eit fint drama, som er roleg og perfekt for ein stille kveld. Han er kanskje ikkje så morosam, men har sine små glimt. Pluss at ein del av humoren nok er litt skjult. Eg kunne nemnt eit par scener, men vil ikkje i fare for å øydelegga spenningen. Og har du sett, Johnny Depp har langt hår.