Hopp til hovedinnhold
Plakat for Where the Heart Is (2000)

Where the Heart Is

Film
3

Ei tenårig jente er gravid og berre veker unna fødselen når ho blir sett igjen av typen, som er faren til barnet, ved ein Walmart-butikk i ein ukjent by.

Dette er historia om korleis hennar uheldige situasjon får følger som på sikt er positive for denne kvinna. Nytt nettverk, nye moglegheiter og ei ny dotter.

Where the Heart Is spelar på kjensler og er ein ukomplisert film. Han er litt trist, litt fin, og akkurat passe god. Natalie Portman har ei snodig dialekt i filmen, men elles har eg lite å utsette på filmen.

Det som for meg blir passe rørande, blir for mykje for James Bowman på James Bowman (jamesbowman.net). Han meiner historia legg for stor vekt på hovudpersonen som offer, men rosar skodespelarane og fleire av vitsane. Eg opplever ikkje den enkle kjenslebruken like negativt. For meg er det nok varme i menneska rundt henne til at filmen blir meir enn ei rekke ulykker.