Hopp til hovedinnhold
Plakat for Where'd You Go, Bernadette (2019)

Where'd You Go, Bernadette

Film
3

I Where'd You Go, Bernadette spelar Cate Blanchett arkitekt og spesiell mor, som etter å ha trekt seg tilbake ikkje har lykkast med livet på mange år.

Ukomfortable episodar og dårleg oppførsel, formidla på lett vis med humor som verkemiddel, er metoden til filmen. Han har også eit poeng med behovet for å vere eit skapande menneske.

Eg veit ikkje om filmen er verken fugl eller fisk. Han drar det ikkje for langt i å være sær, så han blir ikkje for snodig. Om det er for lite snodig, klarar eg ikkje å sette fingeren på. Det er hovudrolla i filmen som er det spesielle her, men ho er kanskje ikkje så interessant utover å vere litt spesiell.

På mange måtar verkar denne produksjonen som ei plankekøyring og følginga av ei oppskrift, ikkje som eit unikt verk eller ideen til ein filmskapar. Eg kunne tenke meg å sjå ein versjon av Where'd You Go, Bernadette som hadde meir særpreg. Men vil gi filmen ein liten tommel opp for å vere på veg dit.

Meir særpreg finn skribenten på From the Front Row (fromthefrontrow.blogspot.com). Omtalen meiner den nervøse energien til Cate Blanchett og den menneskelege kjernen gir filmen liv under den ganske konvensjonelle forma. Det er ein langt varmare reaksjon enn min. Eg ser også poenget med behovet for å skape, men skulle ønske at det gjorde Bernadette meir interessant for meg.

Denne vil nok fort gå i gløymeboka som ein middels god film.