Whiskey Tango Foxtrot - Filmdagbok

Whiskey Tango Foxtrot 2016

Ein tekstforfattar innser at livet hennar er det same dag ut og dag inn. Ho grip sjansen til å bli reporter i Afghanistan når sjefen gir ho moglegheita. Dette er mens nyheitsbildet i større grad er retta mot Irak, og lite av dekninga frå Afghanistan når gjennom.

Whiskey Tango Foxtrot er basert på ei bok av Kim Barker, som skreiv om seg sjølv og erfaringane sine i denne jobben. Tina Fey spelar kvinna, og er berre ei av mange frå Saturday Night Live som har ein finger med i spelet ved laginga av denne filmen.

Eg fekk inntrykk av at Whiskey Tango Foxtrot selde seg som ein komedie, noko filmen ikkje er spesielt mykje. Han har sine morosame augneblinkar og uhøgtidelege stunder, men er meir eit drama og eit innblikk. Grensa er kanskje hårfin mellom komedie og ikkje, men samanlikna med andre filmar med Tina Fey eller saker produsert av Lorne Michaels så er dette seriøst.

Whiskey Tango Foxtrot er ein god film, men krev nok ei større interesse for å fengja meir. Han evnar ikkje å engasjere all verda sjølv. Det er altså det som skal til for å løfte filmen frå god til endå betre. Eg likar historia, kjedar meg aldri, og sit igjen passe tilfredsstilt. Det er berre det at filmen i det store og heile ikkje skil seg ut.