Hopp til hovedinnhold
Plakat for White Christmas (1954)

White Christmas

Film
4

Tolv år etter den kjekke julemusikalen Holiday Inn med stjernene Bing Crosby og Fred Astaire, er Bing Crosby tilbake i omgivnadene frå Holiday Inn. Songen White Christmas blei ein braksuksess i 1942, og er blitt tittelsporet til denne nyare julemusikalen der partneren til Bing Crosby er den solide songaren Danny Kaye.

Historia er i all hovudsak knytt gjennom showet til Wallace og Davis, karakterane til Bing Crosby og Danny Kaye. Songarane og søstrene Haynes, spelt av Rosemary Clooney og Vera Ellen, dukkar opp som kjærleiksinteresser, mens hovudtråden handlar om etterkrigstida for soldatar av 151. divisjon.

Med Holiday Inn i minne frå desember i fjor hadde det vore lett for meg å ta han fram som den beste, sidan eg akkurat har gløymt nok til at det beste sit igjen. For å vere rettferdig seier eg som så at White Christmas er ein flott musikal med gode songar, stemning og romanse, og at ei samanlikning får vere opp til den enkelte.

I tillegg til White Christmas byr filmen på fleire songar som sit som støypt. Han er ikkje redd for å gjenta fengande refreng frå tidlegare nummer utover i filmen. Det er ein god ting å sitte og nynne til. Sisters som framført av Rosemary Clooney og Vera Elle er verdt å trekke fram, ved sidan av hyllinga av generalen. Det meste er til å like, sjølv om ikkje alt kan vere perfekt.

Hyllinga av generalen blir meir enn eit påskot for nye songar på Reviews by Rhiannon (reviewsbyrhiannon.wordpress.com). Omtalen meiner denne historia gir filmen ei rørande kjerne, sjølv om song og dans dominerer. Eg trekker også fram denne hyllinga blant høgdepunkta. Dei fengjande numra får noko å samle seg rundt, og julestemninga kjem like mykje frå omtanken mellom menneska som frå songane me kjenner.

White Christmas har ikkje fått heidersplassen blant dei sette julefilmane i år av nokon spesiell grunn, og blei faktisk ikkje bestemt før vesle julaftan. Valet er likevel eit eg er nøgd med. Dette er ein fin film og ein fin julefilm. Han gav meg eit par klassiske gladsongar å søke opp og lyst til å sjå Holiday Inn igjen. Eg vil også leite fram andre perler i same sjanger.