White Water Summer - Filmdagbok

White Water Summer 1987

Ein av fleire drivkrefter bak interessa mi for 1980-talsfilm, og kanskje spesielt ungdomsfilmar frå denne tida, er håpet om å komme over symbolfilmar for tiåret.

Sean Astin er ein nerd som forvillar seg ut på eit uønska natureventyr. Foreldra tvingar han. Kevin Bacon er fyren som drar med seg Sean Astin og tre andre unge gutar på denne lengre utfarten i villmarka.

Det er ei oppskrift på katastrofe. Karakteren til Kevin Bacon er ein autoritær fjomp som vil at alt skal vere på hans måte, og dette skapar ein farleg splid mellom han og Sean Astin.

Dette er stort sett ein film som gradvis byggjer opp eit alvor og er god på det. Minuset er at heile filmen er fortalt med tilbakeblikk av ei litt eldre utgåve av Sean Astin, med glimt i auget og humoristisk tone, og dette pregar den generelle tonen i negativ retning.

For å ro det heile inn igjen mot det gode her på slutten, så er denne filmen flust av lengre og spennande scener. Alt frå risikabel klatring til vanvittig kanorafting, godt utført og passe truverdig. Eit pluss.