
Whitewash
Whitewash er ei blanding av ei dyster og komisk sak. Mest det førstnemnde, som eg ikkje har sansen for, og som speglar seg i rangeringa mi av filmen.
Det handlar om ein alkoholisert fyr med ein brøytebil, som uheldigvis køyrer over ein fyr og dreper han. I redsel for konsekvensane rømmer han. Me er i nordre strøk på det amerikanske kontinentet, og det er store mengder med skog, viss er det type miljøet mannen vårt rømmer i.
Midt i skogen stopper flukta, og her blir han verande. Psyke og fysikk og fysiske forhold blir verre og verre, og tida går. Som sagt er det dystert. Her er det ingenting å sjå opp til eller fram til. Det som starta som ei delvis komisk sak endar opp med å bli eit mørkt blikk på mennesket. Noko eg verken ser glede eller poeng i. Men som sikkert fell i smak hjå negative menneske som elskar å sjå på menneske som vonde.
Samantha Ward på FilmDoo (filmdoo.com) les skogen som eit fengsel Bruce lagar for seg sjølv, medan tilbakeblikka gradvis gir meir meining til skuldkjensla. Det er ein tydeleg tanke i denne mørke innpakkinga. For meg blir likevel ikkje forklaringa nok til å gjere opplevinga interessant. Eg forstår kvar filmen vil med isolasjonen, men finn lite glede i å følge mannen lenger inn i henne.
