Whitewash - Filmdagbok

Whitewash 2013

Whitewash er ei blanding av ei dyster og komisk sak. Mest det førstnemnte, som eg ikkje har sansen for, og som speglar seg i rangeringa mi av filmen.

Det handlar om ein alkoholisert fyr med ein brøytebil, som uheldigvis køyrer over ein fyr og dreper han. I redsel for konsekvensane rømmer han. Me er i nordre strøk på det amerikanske kontinentet, og det er store mengder med skog, viss er det type miljøet mannen vårt rømmer i.

Midt i skogen stopper flukta, og her blir han verande. Psyke og fysikk og fysiske forhold blir verre og verre, og tida går. Som sagt er det dystert. Her er det ingenting å sjå opp til eller fram til. Det som starta som ei delvis komisk sak endar opp med å bli eit mørkt blikk på mennesket. Noko eg verken ser glede eller poeng i. Men som sikkert fell i smak hjå negative menneske som elskar å sjå på menneske som vonde.