
Who's Afraid of Virginia Woolf?
Who's Afraid of Virginia Woolf? er debutfilmen til den kjente regissøren Mike Nichols. Han står også bak den godt kjente The Graduate med Dustin Hoffman.
Who's Afraid of Virgina Woolf? er ein adapsjon av eit Broadway-oppsett frå 1963 med same namn. Sjølve manuset skal visstnok vere rimeleg likt skodespelet. Visse endringar er sjølvsagt gjort, utan at eg skal gå meir innpå det.
Heile filmen består av ei rekke med fyllekrangling, manipulering og liknande. Med Elizabeth Taylor og Richard Burton er det ganske festleg ei stund, for dei overtyder skikkeleg i skodespelet sitt. Men etter ein time byrjar det å bli slitsamt, og då hjelp det ikkje at filmen er over to timar lang.
Etter kvart blir det faktisk så kjedeleg at eg var nær ved å gi opp. I skrivande stund går dei siste minuttane på skjermen ved sidan av meg. Filmen hadde så mykje potensiale, men akk så kjedeleg det utvikla seg til å bli.
Å bli utmatta er derimot ein del av styrken for skribenten på Modium’s Movie Blog (modium.blogspot.com). Omtalen rosar skodespelet og dei tydelege personane for å gjere samlivskampen overtydande, og finn engasjement i å prøve å forstå kvifor dei handlar slik. Eg kjenner òg krafta i skodespelet, men kjem til eit punkt der eg sluttar å bry meg. Det som held andre oppslukte, blir etter kvart berre slitsamt for meg.
Før det heile floppar er den sjuke, mørke humoren så absolutt festleg, og filmen skil seg ut frå det mykje anna med utfordrande dialog.
