Hopp til hovedinnhold
Plakat for Wilby Wonderful (2004)

Wilby Wonderful

Film
3

På ei lita øy på ein ukjent stad bur eit lite utval meir eller mindre interessante menneske som utgjer nok problematikk til å danne grunnlaget for Wilby Wonderful. filmen er kanadisk og har blant anna Ellen Page på rollelista, så eg tippar det er på kysten av Canada.

Wilby Wondeful er ein av desse rolege filmane, med mindre budsjett og eit par kjente namn samt litt flott musikk, som får indie-omgrepet stempla på seg. Det er ingen viktig raud tråd, men heller nokon menneske som knyter dette saman ved at dei kjenner kvarandre og alle strir med problem i ulik grad, og at dette skjer i oppløpet til Wonderful Wilby-festivalen på øya.

Den positive sida til filmen er at eit par av problema har blitt gjort sopass alvorlege at det gir meg litt ekstra å følge med. Filmen tar større avstand frå å spele på sære menneske enn fleire andre uavhengige produksjonar som har gjort seg notert gjerne har gjort. Han overlet oss heller til eit lite øysamfunn utan dei største karikaturane. Dette får meg innpå minuset. Det skjer aldri dei mest merkverdige tinga som får meg til å fatte djup interesse. Det blir litt for slapt i lengda. Sjølv om det er ein fin film.

Personane gjer sterkare inntrykk på Ken Eisner, som har fått omtalen sin attgitt på Rebecca Jenkins (rebeccajenkins.ca). Han rosar særleg Paul Gross og Rebecca Jenkins for kjenslevart skodespel som blir sittande etter filmen. Han meiner også at historiene utviklar seg smidig og uføreseieleg. Der er eg meir tilbakehalden. Eg set pris på alvoret bak problema, men saknar framleis at det rolege øylivet gir meg sterkare grunnar til å bli verande.