Wild in the Country - Filmdagbok

Wild in the Country 1961

Wild in the Country var den andre av to meir seriøse filmar som Elvis Presley insisterte på å spele i tidleg i karrieren, før han for fullt gjekk i gang med blandinga av komedie og musikk utover 1960-talet.

Me stiftar kjennskap med den trøblete Glenn Tyler. Ein tilsynelatande grei fyr, men som har problem med sin gjenverande familie. Etter ein valdeleg episode mot sin eldre bror blir Glenn sendt i terapi til Irene Sperry (Hope Lange), og oppdagar der at han har eit skrivetalent.

Miljøet rundt Glenn, og hans korttenke og temperamentfulle sinne, er ei hindring og held han tilbake.

Det eg likte med Wild in the Country var at Glenn er akkurat den fyren du håpar på at han ikkje skal vere. Han gjer alle dei klassiske feila, men filmen er seriøs nok til at det fungerer. I tillegg er han ein skikkeleg rundbrennar, og korleis han skiftar frå den eine til den andre kvinna utan meir styr er mildt sagt imponerande, også på film.

Utover å vere eit drama med kjærleik og verda i mot seg, så byr Wild in the Country på eit par songnummer, men ikkje meir enn det. Eit par songar blei visst kutta ut før filmen blei lansert. Sjølv om eg har sansen for musikken. så er det kanskje greit at filmen styrer unna for mange musikalske avbrot. Uansett var det fint å få med seg den korte og fengjande I Slipped, I Stumbled, I Fell og ein duett med Elvis Presley og Hope Lange.