Hopp til hovedinnhold
Plakat for Win It All (2017)

Win It All

Film
2

Underhaldande film. Men filmen når aldri eit klimask, og blir difor einsformig. Det ser ut til at det er eit potensiale, men handlinga var ein jamn rutine frå start til slutt. Historia var like spennande som å sette på alarmklokka og uansett vakne opp tidsnok.

Filmen er langt i frå å nå opp til det beste av Joe Swanberg, som er årsaka til at eg gav denne filmen ein sjanse.

Potensialet er også større enn resultatet for Kyle Schurmann på Schurmann Film Blog (schurmannfilm.blogspot.com). Han rosar Jake Johnson og skildringa av Eddie, men meiner at den komiske tonen gjer dei dramatiske innsatsane mindre overtydande. Det verkar heile tida som om mannen vil kome seg opp igjen. Eg fann også for lite spenning i gangen på historia, sjølv om filmen kunne underhalde.