Win Win er ein litt sår film om nedturane i livet, der skulda ligg på folka rundt deg, men samtidig ein lette av at eigne tiltak ikkje er forgjeves. Men tredjefilmen til Tom McCarthy er òg krydra med nok av lyspunkt til at Win Win heller blir ein film som gjer oppmerksam på desse tinga enn å tynge deg med dei.
I det som er ein typisk Tom McCarthy-film, ei blanding av kvardagen, drama og lun humor, møter me Paul Giamatti i hovudrolla som advokat Mike Flaherty. Mike slit økonomisk og tar på seg ansvaret for ein klient med demens mot 1500 dollar i månaden, men følger ikkje reglane då han sender klienten på gamleheim i staden for å ta vare på han i heimen. Like etter dukkar barnebarnet til klienten opp og Mike og kona må ta hand om han ei stund.
Eit forenkla samandrag kan formidle kjerna i forviklingane, men det er den naturlege interaksjonen mellom karakterane som er den verkelege styrka til filmen. Problema som dukkar opp er, eller kjennest iallfall som dei er utanfor kontrollen til Mike, med eit par ærlege unntak. Der eg forventar ei løgn kjem sanninga nølande fram, og små problem og ueinigheiter får ikkje dei største dramatiske løysingane.
Eg likte Win Win godt. Det er ikkje den umiddelbare hiten, men ein film som veks undervegs og der investeringa i å følge godt med betalar seg. Etterpå sit eg igjen med inntrykk av å ha sett ein film som skil seg litt ut i ein sjanger som ofte blir for tung, påtatt komisk eller opphengt i å samle palmeblad og slikt. Win Win var litt meir naturleg.