
Window Wonderland
iWindow Wonderland er en julefilm frå Hallmark som kom ut i 2013. Han er regissert av Michael Scott og har Chyler Leigh og Paul Campbell i sentrale roller.
Forventingane var justert etter at eg har sett ei stor mengde julefilmar Hallmark den siste tida.
Filmen handlar om to tilsette som jobbar med utstillingsvindauge i eit kjøpesenter. Det nærmar seg jul, og presset aukar på å levere gode utstillingar som kan trekke folk inn i senteret. Etter kvart blir det også ein konkurranse om å vere best for å ta over ei fast stilling.
Nesten sjølvsagt er også dette ein romantisk komedie. Og ein passe fornøyeleg ein. Sannsynlegvis fordi eg har sansen for Chyler Leigh, og fordi Paul Campbell endeleg viser litt teikn til liv. Eg har støytt på han tidlegare blant julefilmane i år i ei tammare rolle.
Det er avgrensa kor djupt denne filmen stikk, men han evnar å ha meir enn berre overflate. Og han brukar litt tid på å komme seg djupare inn i liva og motivasjonen til karakterane.
Filmen leverte over forventing. Det betyr at han er underhaldande og morosam nok, og at eg ikkje kjeder meg. Det kan vere ei bragd nok i denne føreseielege filmverd som romantiske komediar og julefilmar er.
Forsøka på karakterdjupn fungerer langt dårlegare for Alex på Hallmark/Lifetime Christmas Movie Review (xmasmoviereview.wordpress.com). Han finn hovudparet lite likandes og saknar både meir oppfinnsame utstillingar og ei historie som held interessa oppe. Eg fekk meir glede av skodespelarane og dei små innblikka i liva deira. Det velkjende opplegget var nok til å underhalde meg, sjølv om filmen ikkje stikk særleg djupt.
Ønskar du å sjå ein trygg og hyggeleg julefilm som ikkje prøver å vere banebrytande, så kan Window Wonderland passe. Forventar du eit godt drama eller ei djup historie vil du bli skuffa.
