Winnie the Pooh: A Very Merry Pooh Year - Filmdagbok

Winnie the Pooh: A Very Merry Pooh Year 2002

Winnie the Pooh: A Very Merry Pooh Year er ei samling av både nytt og gammalt. Det er ei ny innpakning av ein Ole Brumm-film som i løpet av speletida si gir rom for blant anna ein julefilm med Ole Brumm frå 1991: Winnie the Pooh & Christmas Too.

I tillegg er det litt anna julerelatert historie i denne korte saken på litt over ein time. Det er ikkje alltid så mykje å skrive om Ole Brumm. Det handlar mest om å setje dei kjente karakterane med sine særpreg i nye, eller gamle, situasjonar. Og det er nettopp det som skjer her òg. Alle er seg sjølv, og det byr på både håplause situasjonar og lun humor. Det best skildrande omgrepet eg vil setje på denne filmen er at det er lun og koseleg humor.