
Women Who Kill
Eg er litt usikker på kvifor eg valde å sjå Women Who Kill. Plakaten viser festkledde kvinner, og tekstutdraga gir inntrykk av ei rølpete natt på byen. Det er gjerne eit signal om humor som ikkje passar særleg godt for meg.
Dette er eit opptak med dei fire standupkomikarane Amy Schumer, Rachel Feinstein, Nikki Glaser og Marina Franklin. Dei står for kvar sine innslag, med mellom anna sex og forhold som materiale.
Rod Lott rosar på Oklahoma Gazette (okgazette.com) Amy Schumer for å vere fryktlaus i valet av tema. Han meiner ho er klart morosamast av dei fire. For min del hjelper det lite at komikarane er villige til å gå langt når sjølve humoren ikkje fell i smak.
Inntrykket eg fekk av innpakkinga, stemde såleis ganske godt. Dette er rølpete underhaldning som eg ikkje fekk mykje ut av.
