
Work It
Work It er ein dansefilm frå Netflix med Sabrina Carpenter i hovudrolla. Ho spelar ein high school-elev av det flinke slaget, kor karakterar og skuleaktivitetar er høge og står høgt. Men eit møte med colleget ho ønsker å gå på, gjer at ho må lære seg å danse. Kor fortalt, for det er opp til deg å oppleve korleis ved å sjå filmen.
Dette er ein ungdommeleg og til dels romantisk komedie, men kanskje med endå meir fokus på dans og musikk. Det har etter kvart blitt mange av desse dansefilmane på både Netflix og andre tenester. Mitt møte med Work It var av det gode slaget, noko mange av dei andre filmane også har vore. Filmen følger ein formel som nesten ikkje kan gå feil, så lenge du har dei rette folka bak kamera. Ein konkurranse er målet, i tillegg til personleg motivisjon.
Sabrina Carpenter, som elles både syng og dansar, er artig som stjerne og uerfaren dansar i dette vesle universet. Eg har sansen for måten utviklinga av ferdigheitene hennar blir lagt fram, noko som gir filmen ein litt anna vri enn nokre andre dansefilmar.
Logan Bushey på Log’s Line (loganbushey.com) saknar eit dansenummer som verkeleg festar seg. Han meiner også karakterane er for bundne av stereotypane. Eg får meir glede av Sabrina Carpenter og utviklinga hennar, men innvendinga hans er forståeleg. Når ei historie følger ein så kjend formel, må noko i framføringa gi henne sitt eige preg. For meg er det nok til ein hyggeleg kveld, sjølv om filmen ikkje blir ein favoritt.
Work It stikk ikkje av med noko pris for verken det eine eller andre, men er ein fin og positiv underhaldingsfilm.
